MARKNADSDAG 24. SEPTEMBER 2011
Norsk Eplefest er etablert seg som ein fast tradisjon. For 5. år på rad vert Norsk Eplefest arrangert, med marknadsdag i Gvarv sentrum laurdag 24.september 2011.
Sauherad kommune er ein av landets største eplekommunar og står for omlag 25% av den kommersielle epleproduksjonen i Noreg. Arrangementet ønskjer å setja norsk frukt på kartet og synleggjera distriktet som eit sentralt område i frukt-Noreg. Vi inviterer små og store til folkefest, der alle skal få sjå, lukte, smake og kjøpe eple i alle variantar. Fruktnæringa opnar hagar, gardsutsal og fruktlager. Kunst- og kulturbygda vil blomstre med kunstutstillingar og konserter heile helga. Det vert leik og aktivitetar for små og store, og god gamaldags marknadsstemning med salsboder, smaksprøver, informasjon og tilbod for heile familien. Det vert som før utdeling av årets gulleple og kåring av Noregs beste eplemost.
Vi ønskjer at Norsk Eplefest skal være eit arrangement med høg kvalitet, og stiller difor krav til utstillarane. Det vert seld mykje anna enn eple og frukt på Norsk Eplefest, men vi oppfordrar utstillarane til å fokusere på eple eller frukt som tema for sine salsboder/utstillingar.
Norsk Eplefest vil haldast i sentrum av Gvarv og det vil bli eit variert program frå scena, leik og konkurransar, og mykje anna til glede for både liten og stor. Detaljert program vil etter kvart bli lagt ut her.
Prisen på ein utstillarplass på 3*3 meter er kr. 600,- + mva.
Vi har ikkje telt eller bodar til alle, og vi ber om at alle utstillarane som disponerer telt eller bod tek med dette. Om ein likevel ønskjer å leige telt eller bod kostar dette kr 500 + mva i tillegg til leige for utstillarplass. Det vil vere tilgang på straum og vatn (vasslange som kan brukast til å fylle eigne kar).
Vi ønskjer oss 5.000 besøkande til årets eplefest. Vi vil legge vekt på å skape ei god stemning som gir god handlelyst!
Opningstider på marknadsdagen er kl. 10.00-17.00.
Du finn elektronisk søknadsskjema her, for plass på marknadsdagen.
Alternativt kan du sende det pr post til:
Midt-Telemark Landbrukskontor
Landbrukets hus
Bøvegen 271
3810 Gvarv
Vi ber om søknad/påmelding innan 1. august.
Vi vil koma tilbake med fleire praktiske detaljer samt krav om innbetaling.
Har de spørsmål, ta kontakt med Signe Jacobsen eller utstillaransvarleg Dag Gjermund Roheim.
Vi har laga ei oversikt over utstillarane som er påmelde til marknadsdagen 2011 her.
Du finn ei oversikt over utstillarane i 2010 her.
Venleg helsingNorsk Eplefest
Kontaktperson:Signe Jacobsen Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen tlf 35 95 77 77
Utstillaransvarleg:
Dag Gjermund Roheim
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
, tlf 35 95 77 76 / 900 93 394
