Eplets historie

Skriv ut

Epler_modnes2

Eplets historie i Sauherad


....tidenes morgen.....  Eplet på kunnskapens tre i Edens Hage.

Ca 1150                     
Nes kyrkje bygd på Nes ved Norsjø og Sauherad kirke under Brattningsborg.

1663                          
Eva med eplet måla på altertavla i Nes kyrkje – logo for Norsk Eplefest

1738
første kjente eplehage planta ved Sauherad prestegard av Urtegaardsmand Hans Brønsted på oppdrag av presten Enevold Steenblock. (Sagaplant driv i dag med plante utvikling på Sauherad prestegard)

Ca1800                      
første store eplehage med 100 tre planta på Nes av Isak gartner på oppdrag av oberst Hans Mow Grønvold.

1800-talet                  
Isak hjelpte folk i bygda med poding og planting. Hans gartner planta ein hage på 5 mål sør for husa på Nes ned mot Norsjø.Segna seier at Kari Kolgro fann eit gulleple ved Nissehaug på Nes.

1883-85                     
Erik Werenskiold kjem til Gvarv og målar Telemarksjentene, Aften på Lindem, Bondebegravelse, På hjemvei og over 30 Eventyrteikningar.Theodor Kittelsen med farslekt frå Indleggen i Nesherad gjestar «Eventyrbygda» og finn inspirasjon til eventyrteikningane sine.

1800-2000                 
Mange biletkunstnarar flyttar til bygda og fleire i bygda blir kunstnarar.

1900-                         
Planting av mange frukthagar i bygda for salg.

1930-                        
Hans Th Prestholdt på garden Nes dreg til Amerika for å studere fruktal. Ny kunnskap om planfast sprøyting, importerte preparat og sprøyteutstyr gjev større avlingar og rasjonell drift. Private fruktpakkeri på mange gardar og eplekasseproduksjon i tre. Hilleborg og Bergit Møhn dreiv fruktpresse i elduhset sitt på eigedomen Gvarv hotell med Elverhøy i Gamlegata på Gvarv.

1950-                         
Utvikling av fruktproduksjon med pakkeri, fruktlager og fagmiljø: Gartnerhallen «Frukthalla»på Gvarv tek imot frukt for pakking og distribusjon

1960-                         
10.august Gvarv fruktlager bygd av Kristian Moen i Gamlegata på Gvarv.

2000-                         
Sagaplant på Sauherad Prestegard, Forsøksringen, Epleblomsten fruktpresseri

2006                          
Norsk Eplefest i Sauherad.

2010-                         
Gvarv fruktlager og Telefrukt slått saman til Nytt Telefrukt.

Kvart fjerde eple som dyrkast for salg i Norge kjem frå Sauherad.

Kommunen har over 100 fruktprodusentar.

Tekst: Ingeborg Jorid Vale, prosjektmedarbeider Norsk Eplefest.

Kontaktinformasjon

Norsk Eplefest AS
c/o Sauherad Kommune
Idunsvoll 3
3812 Akkerhaugen
E-post :  post@eplefest.no
Telefon  : 971 99 270

Glimt fra festen